Hofseth brukar 8 millionar kroner på å forske på villaks

Frå 2020 har Hofseth investert meir enn 8 millionar kroner i forsking på villaks i nærområdet. Dette er gjort i samarbeid med Lakseelvane på Sunnmøre og forskingsinstituttet NORCE. I denne videoen forklarar forskingssjefen i NORCE, Marius Kambestad, kva denne forskinga skal bidra til, og kvifor ho er viktig både for økosystema og for framtidig forvaltning […]

Berekraftig verdikjede heilt ut til kunde

Innovasjon Norge har vedteke å gi finansiering på inntil 33,74 millionar kroner til prosjektet «Like fresh at the source – JustThaw800», drive av Nye Icefresh AS. Finansieringa består av eit tilskot på 20,34 millionar kroner og eit risikolån på 13,4 millionar kroner. Målet er å transformere distribusjonen av norsk fisk globalt ved hjelp av innovativ tineteknologi, og få frakt av fisk frå fly til båt.