Alt du treng å vite om​ prosjekt

Raudbergvika

Vi skal ta vare på fisken, fjorden og framtida

Roger Hofseth, dagleg leiar Hofseth

Start video

Om prosjektet

I Raudbergvika, Møre og Romsdal, var det gruve- og næringsverksemd ifrå 1984 til 2020. No planlegg Hofseth å nytte den nedlagde olivingruva til det som skal bli verdas mest miljøvennlege, energieffektive og trygge oppdrettsanlegg for laks på land.

Her finn du informasjon om bakgrunn og prosess, og dokumentasjon knytt til prosjektet.

Ringverknader

I anleggsfasen

  • 15-20 milliardar kroner i investeringar
  • 2 milliardar kroner i lokal verdiskaping*
  • 6,6 milliardar kroner i total verdiskaping*

Frå fullskala produksjon

  • 40′-55.000 tonn laks ståande biomasse i merd
  • 100.000 tonn laks produsert pr. år
  • 200-300 lokale arbeidsplassar
  • 20 millionar kroner i årlege skatteinntekter*
  • 3 milliardar kroner i årleg verdiskaping*
*Menon Economics, samfunnsanalyse Raudbergvika 2022

Milepeler

2028 - 2035
Trinnvis oppskalering av produksjon i tre utbyggingsfasar
2027
Estimert produksjonsstart
2025

Forventa godkjenning av områdeplan

Forventa godkjenning av oppdrettskonsesjon

Estimert byggestart

2024

Mai
Mekling områdeplan: Mekling mellom Fjord kommune og startsforvaltar om trekking av motsegner førte ikkje fram.

Fjord kommune vedtar å sende områdeplan til politisk behandling i Kommunal- og distriktsdepartementet

August
Motsegnssak knytt til «Områderegulering for Raudbergvika landbasert oppdrett» sendt over til Kommunal- og distriktsdepartementet for endeleg avgjerd.

2023
Andre høyringsrunde for områdeplan

Områdeplan einstemmig vedteken i Fjord kommune
2021
Søknad oppdrettskonsesjon

Første høyringsrunde for områdeplan
2020
Hofseth kjøp tomt i Raudbergvika

Oppstart av områderegulering Raudbergvika
1984 - 2020
Gruve- og næringsverksemd i Raudbergvika

Vårt miljøfokus

Fjorden, fjella og fisken er vår fortid og framtid. Skal vi lukkast med å produsere mat til verda i Raudbergvika, må vi vere i pakt med naturen. Det er drivkrafta i alt vi gjer og bakgrunn for alle miljøtiltak vi set i verk.

Svein Flølo, prosjektleiar Raudbergvika / CBDO Hofseth

SLIK GJER VI DET:

Minimale inngrep i naturen

gjennom oppretting av eit lukka anlegg i eksisterande gruveanlegg inne i fjellet.

Sterkt redusert energiforbruk

som følge av gjennomstrøymings-teknologi med riktig temperert fjordvatn.

Svært låg miljøpåverknad

grunna null rømming og automatisk innsamling, gjenvinning og reinsing av slam og overskotsvatn.

God fiskevelferd

takka vere optimale vassforhold, sterkt redusert fare for sjukdommar og ingen lakselus.​

100% fornybar energi

ved bruk av lokal vattenkraft til drift av anlegg og hydrogenkraft til servicefartøy

Ingen matsvinn

fordi alle delar av fisken utnyttas til marin ernæring.

Ut frå eit heilskapleg omsyn vil områdeplanen, slik den no ligg føre, ikkje vere til hindring for ivaretaking og fremjing av verdsarvstatusen som er tildelt Geirangerfjord og Nærøyfjordområdet i fellesskap.

Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap, 27.02.2024

Dokumentasjon

Her finn du utgreiingar og politiske prosessdokument knytt til prosjektet:

Start video

Visste du at ...

det var gruve- og næringsverksemd i Raudbergvika frå 1984 og heilt fram til 2020?

Spørsmål og svar

Lurer du på noko om prosjektet i Raudbergvika?

Nedanfor finn du nokre av dei mest spurde spørsmåla og svara på dei. Lista blir oppdatert etter kvart som prosjektet utviklar seg. Du er velkommen til å ta kontakt om du ikkje finn svar på det du lurar på.

I Raudbergvika, ytst i Sunnylvsfjorden i Møre og Romsdal, har det vore drive gruve- og næringsverksemd sida 1984.

No planlegg sjømatselskapet Hofseth å byggje eit landbasert oppdrettsanlegg for laks på området. Anlegget skal oppdretta verdas mest miljøvennlege og berekraftige laks.

Anlegget skal byggast ut trinnvis, og vil ved full utbygging kunne produsere100.000 tonn laks årleg. Det utgjer 400- 450 millionar sjømatmåltider per år.

Dei naturgitte forholda i Raudbergvika gjer lokasjonen særleg passande for oppdrett av laks på land.

Riktig og stabil vatntemperatur i fjorden er avgjerande for å kunne redusere energiforbruket, og dermed også klimaavtrykket, ved oppdrett av laks på land. Området i Raudbergvika er unikt i denne samanhengen. Fjorden held eit ideelt temperaturspenn på 8 – 14°C gjennom heile året, noko som bidreg til ein betydeleg reduksjon i behovet for oppvarming av vatn.

Raudbergvika gjev også tilgang på tilstrekkelege mengder friskt og reint sjøvatn. Vatnet er i liten, om nokon grad påverka av industrielle utslepp. Dei gode straumforholda gjer at det blir minimal påverknad på livet i fjorden.

Raudbergvika er også ein ideell lokasjon med tanke på tilgang til fornybar energi. Med regionens største vasskraftverk like ved, og hydrogenfabrikk i nærleiken, er anlegget sikra god tilgang på grøn energi.

Raudbergvika er eit gamalt industriområde som krev minimale naturinngrep. Tomta gjev høve til å gjenbruke nødvendige støttefunksjonar og tilkomstar i dagen, samstundes som dei største delane av anlegget blir liggjande skjult inne i fjellet.

At utbyggjaren har erfaring med oppdrett i, og god kjennskap til fjorden ved Raudbergvika, gjer at dei kan nytte eigen kompetanse, eksisterande infrastruktur, arbeidskraft og støttefunksjonar som alt finst i området.

Med bakgrunn i dette har dei ikkje lukkast i å finne lokalitetar i regionen som står fram som betre eigna enn Raudbergvika.

Nei, prosjekt Raudbergvika er ikkje i stor konflikt med verdsarvstatusen i området.

Då Vestnorsk fjordlandskap vart innskrive på UNESCO si verdsarvliste i 2005, vart området sine såkalla «outstanding universal values» knytte til verdiar på overflata, og ikkje til bergmassar under overflata.

Raudbergvika vart vidare halde utanfor det verneområdet som vart etablert. Grunngjevinga for dette var den aktive gruvedrifta i området. Kommunen fann det viktig å sikre at det framleis kunne vere næring som skapar arbeidsplassar i framtida.

Det vart også teke konkret omsyn til moglegheita for utviding av gruveaktiviteten, også med masseuttak under jorda inne i verneområdet.

Utbygger meiner difor at ingen delar av prosjekt Raudbergvika, korkje dei synlege delane av anlegget, tilkomsten eller tunnelane, ligg i eller innanfor det verna området med verdsarvstatus.

Verneområdestyret for Geiranger-Herdalen har mynde til å forvalte dei aktuelle landskapsvernområda. I november 2023 behandla Verneområdestyret områdeplanen for prosjektet Raudbergvika og gav dispensasjon frå vern i det aktuelle området. Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap stadfesta dette i februar 2024:

«Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap (VAR) meiner at saka om områderegulering for Raudbergvika Landbasert Oppdrett- World Heritage Salmon er godt nok utgreidd på detter stadiet i planprosessen. Ut frå eit heilskapleg omsyn vil områdeplanen, slik den no ligg føre, ikkje vere til hindring for ivaretaking og fremjing av verdsarvstatusen som er tildelt Geirangerfjord og Nærøyfjordområdet i fellesskap.»

Les heile vedtaket her.

Det er dessverre umogleg å drive matproduksjon utan nokre konsekvensar; all matproduksjon krev ressursar og innsatsfaktorar og vil etterlate eit avtrykk.

Forsking viser at produksjon av norsk laks er den mest klimavennlege måten å produsere protein på globalt sett. Prosjekt Raudbergvika er sett i gang for å gjere denne produksjonen enda meir miljøvennleg, med mål om å skape verdas mest miljøvennlege oppdrettslaks.

Dette blir oppnådd ved å plassere produksjonen i eit lukka anlegg for å unngå rømming og direkte påverknad på livet i fjorden.

Vidare leggjast oppdrettsanlegget til eit område med dagbrot og gruvedrift tilbake til 1984. Det betyr eit anlegg med minimalt av nye naturinngrep.

Ekspertise frå uavhengige og anerkjente fagmiljø som Åkerblå, Akvaplan Niva, Rådgivende Biologer og Dansk Hydrologisk Institutt har vore involvert i utviklinga av anlegget i Raudbergvika. Deira målingar, konsekvensutgreiingar, vurderingar av data og modelleringar har gjeve ein solid basis for å forstå korleis produksjonen vil påverke miljøet både under og etter bygging.

Den omfattande faglege utgreiinga indikerer at fjordsystemet truleg vil behalde minimum «god økologisk tilstand», og at utsleppa «ikkje vil føre til betydeleg eller irreversible skader, sjølv ved utbygging av full kapasitet og med ein låg reinsegrad».

På anlegget i Raudbergvika er det planlagt svært høg reinsingsgrad, og eit miljøovervakingsprogram som vil sikre god kontroll gjennom heile prosessen.

Anlegget skal byggjast opp trinnvis over sju til ti år, noko som inneber mange år med lågare produksjon og næringsutslepp enn det som det er søkt om. I denne perioden vil det bli utført grundige målingar av fjordmiljøet for å kunne justere modelleringane og iverksette nødvendige førebyggjande tiltak før full kapasitet blir nådd.

Initiativtakarane bak prosjekt Raudbergvika ønsker at den største delen av framtidig vekst i havbruksnæringa skal skje i lukka anlegg. Å etablere oppdrettsaktivitet på land i Raudbergvika er eitt av tiltaka selskapet gjer nettopp for å verne det marine miljøet i fjorden, då det mellom anna fjernar problem knytt til rømming og lakselus.

Ved hjelp av fleire uavhengige ekspertar på områda er det arbeidd særleg med å kartleggje og dokumentere konsekvensar for naturmangfaldet på land og i sjøen. Det er også gjort modelleringar og vurderingar av utslepp av næringsstoff i fjorden, utarbeidd risiko- og sårbarheits analyser og plan for miljøovervaking av anlegget.

Med bakgrunn i funna frå desse arbeida, er anlegget justert og tilpassa for å gi minst mogleg miljøavtrykk. Det er desse utgreiingane og planane som ligg til grunn for dei politiske avgjerdene om utbygging.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal Fylkeskommune har i sin motsegn datert 25. januar 2024 til Fjord kommune hevda at prosjektet Raudbergvika utgjer «for stor usikkerheit», med referanse til prinsippet om «føre-var» i naturmangfaldlova. Prosjekteigar meiner dette er feil.

Cowis uavhengige konsekvensutgreiing dokumenterer at prosjekt Raudbergvika er berekraftig. Det vil sikre ei berekraftig utvikling i havbruksnæringa med kontroll over utslepp og rømming, samtidig som det eliminerer problem med lus.

Denne dokumentasjonen bygg på faglege vurderingar frå fire anerkjente faginstitusjonar: Rådgviende Biologer, Åkerblå, Akvaplan-Niva og Dansk Hydrologisk Institutt. I tillegg nyttar prosjektet fagrapportar og faktagrunnlag utarbeida av Havforskingsinstituttet, med mellom anna langtidsmålingar på effektar av næringsutslepp, i desse utgreiingane. Desse instansane har fremste kunnskapen i Noreg om næringsstoff og marine økosystem.

Det faglege grunnlaget viser at fjorden mest sannsynleg vil halde «god økologisk tilstand», og at utsleppet ikkje vil føre til «irreversibel eller betydeleg skade ved lav reinsegrad og fullt utbygd anlegg». Raudbergvika er planlagt med ein reinsegrad dobbelt så høg som definisjonen av lav reinsegrad.

Prosjektet er planlagt utbygd trinnvis over sju til ti år, med gradvis auka produksjonsvolum for å sikre kunnskap og overvake korleis det marine miljøet og sårbare naturtypar blir påverka av utsleppa. Dette gjer det mogeleg å justere modelleringar og iverksette nødvendige førebyggjande tiltak før full kapasitet nås.

I lys av dette, meiner prosjekteigaren at Statsforvaltars argument må trekkast.

Det er stort fokus på oppsamling, reinsing og gjenvinning av avfall og slam frå oppdrettsanlegget i Raudbergvika.

Kvar fisketank i anlegget er eit eige system der fôrrestar og slam blir automatisk filtrert ut og samla opp. Biologisk materiale takast til anlegget sin eigen biogassfabrikk, der det blir omgjort til energi, drivstoff og gjødsel.

For å sikre tilstrekkeleg kunnskap om korleis tilbakeføring av vatn påverkar fjorden, har fire uavhengige faginstansar (Åkerblå, Rådgivende Biologer, Akvaplan-Niva/Marine Prospects og Dansk Hydrologisk Institutt) utarbeidd grundige vurderingar av utsleppa frå anlegget.

Frå det faglege grunnlaget går det fram at det er sannsynsovervekt for at vassførekomsten vil oppretthalde minimum «god økologisk tilstand» og at utsleppet ikkje vil leie til betydeleg eller irreversibel skade sjølv ved full kapasitet med lav reinsegrad. Prosjekt Raudbergvika vil ha høg reinsegrad.

Av dokumentasjonen går det også fram at anlegget sin trinnvise oppbygging med tilhøyrande miljøovervakingsplan vil sikre god kontroll og førebygge potensielt negative effektar på fjorden.

Sjølv om anlegget i Raudbergvika vil ha svært høg reinsingsgrad, vil nokre næringsstoff, som nitrogen og fosfor, likevel kome ut i fjorden. Grundige undersøkingar utført av uavhengige faglege ekspertinstansar viser likevel at dette ikkje vil skade fjorden.

Nitrogen og fosfor er næringsstoff som saman med sollys dannar grunnlaget for all primærproduksjon og plantevekst på jorda, det vere seg i sjø, i vatn og på land. I desse fjordane er det omtrent 110 µg nitrogen per liter om sommaren og omtrent 180 µg om vinteren. Dette blir klassifisert som «svært god» tilstand.

Sjølv med høg reinsingsgrad i Raudbergvika, vil anlegget ha utslepp av nitrogen tilsvarande 4.383 tonn og fosfor tilsvarande 458 tonn årleg. Det kan høyrest mykje ut, så både Åkerblå og Dansk Hydrologisk Institutt (DHI) har difor utført modellering av kor mykje utsleppet frå Raudbergvika blir fortynna, og korleis Sunnylvsfjorden, Nordalsfjorden og Storfjorden ved Stranda vert påverka.

Berekningane fortel at utsleppa totalt sett blir små når ein ser på det naturlege næringssaltinnhaldet i fjordbassenget. I løpet av ein dag utgjer bidraget frå anlegget 1,64 % for nitrogen og 2,1 % for fosfor av naturleg næringssaltinnhald på mellom 20 og 220 m djupne i Sunnylvsfjorden ytre.

DHI meiner dette tyder på at fjordane framleis vil ha beste tilstandsklasse «svært god» med omsyn til innhald av nitrogen også etter etablering av eit slikt utslepp.

Anlegget i Raudbergvika skal byggjast opp trinnvis over om lag sju til ti år, og eit godt overvakingsprogram skal sikre god kontroll heile vegen. I første fase, som varer i 2-3 år, vil det arbeidast med noko mindre enn 1/3 av full kapasitet. Slik samlast erfaring og dokumentasjon som sikrar at anlegget aldri forureinar meir enn myndigheitene har gitt løyve til.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal Fylkeskommune har i ein motsegn datert 25. januar 2024 til Fjord kommune argumentert for at anlegg av denne storleiken bør vurderast på eit overordna nivå utover Storfjorden.

Grunntanken bak tiltaket er å ta i bruk eit allereie påstarta inngrep i fjellet og på den måten gjere eit nedlagd gruveområde om til eit moderne næringsområde.

Som det er gjort greie for under «Kvifor er Raudbergvika valt som stad for dette prosjektet?», gjer dei naturgitte forholda lokasjonen særleg passande for oppdrett av laks på land. Det har ikkje lukkast prosjektet å finne lokalitetar i regionen som står fram som betre eigna enn Raudbergvika.

Det er difor Raudbergvika det blir søkt om ein områdeplan for, og det er ikkje relevant å snakke om regulering av andre områder i den samanhengen.

Prosjektet meiner at avklaring knytt til massehandtering høyrer heime som krav i sjølve reguleringsplanen. Det er altså ikkje nødvendig å avklare dette i handsaminga av områdereguleringa.
Prosjektet meiner at avklaring knytt til innverknad på og ivaretaking av viktige mineralressursar høyrer heime som krav i sjølve reguleringsplanen. Det er altså ikkje nødvendig å avklare dette i handsaminga av områdereguleringa.

Prosjektet i Raudbergvika vil gi store ringverknader både lokalt, regionalt og for sjømatnasjonen Noreg.

Den totale investeringa i prosjektet er på meir enn 15 milliardar kroner. Dette skal gi ein årleg produksjon på 100 000 tonn levande laks ved full utbygging, noko som vil skape 200-300 arbeidsplassar i Raudbergvika.

Analyseselskapet Menon Analytics har undersøkt kva ringverknader prosjektet vil gi under og etter utbygging, og følgjande funn kan lesast i deira samfunnsanalyse frå 2022:

Ringverknader i anleggsperioden:

  • 6,6 milliardar kroner i total verdiskaping, derav:
    • 2 milliardar kroner i lokal verdiskaping. Med lokale aktørar meiner ein aktørar i Fjord kommune og kommunane rundt
    • 2 milliardar kroner i verdiskaping til ikkje-lokale aktørar i Noreg

Ringverknader i driftsfasen:

  • 20 millionar kroner i årlege skatteinntekter, derav:
    • 16 millionar kroner for kommunane i arbeidsmarknaden til anlegget
    • 4 millionar kroner til fylkeskommunen
  • 3 milliardar kroner i årleg verdiskaping

Prosjektet er i tillegg eit prestisjeprosjekt med tanke på å ta i bruk nyskapande teknologi. For å etablere det som skal bli verdas mest miljøvennlege og energieffektive oppdrettsanlegg på land, vil vi utfordre regionale teknologi- og utstyrsleverandørar til nyskaping og nytenking. Dette kan styrke Noreg sin posisjon som verdas leiande innan produksjon av berekraftig mat til verdsmarknaden.

Prosjektet i Raudbergvika har som mål å starte bygginga i 2025 med potensiell produksjonsstart i 2027. Oppstart avheng av at alle nødvendige løyver er på plass, og prosjekteigaren legg vekt på å sikre at miljømessige, personalmessige og driftsmessige forhold er tilstrekkeleg belyst og dokumentert før bygge- og produksjonsfasen tek til.

Når alle løyver er på plass, vil prosjektet bli gjennomført i tre fasar for å sikre god kontroll og dokumentasjon. Den første fasen vil tillate ein produksjon på opptil 30 000 tonn laks. Full utbygging er forventa å vere fullført innan 2035, med ei samla produksjonskapasitet på 100 000 tonn.

Prosjekteigaren i Raudbergvika er Hofseth. Hofseth er eit fullintegrert sjømatselskap på Sunnmøre som driv med oppdrett, produksjon og sal av hovudsakeleg laks og aure. Selskapet har hovudkontor i Ålesund og er ein betydeleg aktør i den norske sjømatnæringa.

Hofseth er det einaste oppdrettsselskapet som har aktivitet i Storfjorden på Sunnmøre, i det området Raudbergvika ligg . Dette er difor eit fjordsystem dei kjenner godt og har produksjonserfaring med. Selskapet kan på den måten utnytte eksisterande infrastruktur, arbeidskraft, annan kompetanse og støttefunksjonar som allereie finst i området.

Hofseth, med sin gründer og majoritetseigar Roger Hofseth, er kjent for sitt sterke lokale engasjement i heimfylket sitt Møre og Romsdal. Lokal verdiskaping, innovasjon og berekraftig vekst og utvikling er deira drivkraft og mål, også i prosjekt Raudbergvika.

Vil du vite meir? Sjå www.hofseth.no.