Personvernerklæring

Denne personverklæringa gjeld for brukarar av nettsida «Prosjekt Raudbergvika» til Hofseth, så vel som for kundar og leverandørar til Hofseth.

Hofseth har ansvaret for handsaminga av personopplysningar som vert samla inn frå denne nettsida.

Informasjon lagra av Hofseth
Hofseth samlar inn informasjon frå leverandørar og kundar, som til dømes:

  • Firmanamn
  • Firmaadresse
  • Kontaktperson (inkludert namn, telefon og e-postadresse)

Opplysningane vert samla inn via avtalar eller e-post frå avsendar, i tillegg til kundeundersøkingar frå eksisterande kundemasse. Det er frivillig å oppgi informasjon i desse tilfella, men manglande opplysningar kan føre til at Hofseth ikkje kan gi tilgang til produkt eller teneste som ynskjeleg.

Hofseth samlar ikkje inn personopplysningar som fødsels- og personnummer frå nettsidas besøkande.

Formål med innhenting av informasjon
Formålet med informasjonen som vert henta inn er å kunne tilby produkt, tenester, informasjon samt å forbetre eksisterande produkt og tenester.

Korleis informasjonen vert lagra
Informasjonen vert lagra i våre kunde- og leverandørssystem.

Korleis få sletta informasjon
Informasjon vert sletta på oppfordring ved å kontakte Hofseth direkte. Sletting føreset at kravet ikkje er i strid med annan lovgjeving som til dømes arkivlova eller rekneskapslova.

Utlevering av informasjon til tredjepart
Personopplysningane vert ikkje delt med utanforståande tredjepartar. Hofseth kan nytte underleverandørar til å levere dataprogram for handtering av innsamla informasjon. Underleverandørar kan også i visse tilfelle handsame personopplysningar på vegner av Hofseth.

Informasjon gjennom nettanalyse og informasjonskapslar
Hofseth kan nytte analyseverktøyet Google Analytics for analyse av brukaråtferd på denne nettsida.

Google Analytics kan nytte informasjonskapslar/cookies (små tekstfiler som nettstaden lagrar på brukarens datamaskin), som registrerer brukaranes IP-adresse, og som gir informasjon om den enkelte brukar sin bevegelse på nett, som til dømes kor mange som besøkjer ulike sider, kor lenge besøket varer, kva nettsider brukarane kjem frå og kva nettlesarar som vert nytta.

Ein IP-adresse er definert som ein personopplysning fordi den kan spore tilbake til ein bestemt maskinvare og dermed til ein enkeltperson. Hofseth kan nytte Google Analytics sin sporingkode som anonymiserer IP-adressa før informasjonen vert lagra og bearbeidd av Google. Dermed kan ikkje den lagra IP-adressa verta nytta til å identifisere den enkelte brukaren.

Informasjon via sosiale medium og Facebook
Det er mogleg å kommentere på artiklar eller sette opp vurderingar av Hofseth på selskapet sin Facebook-side. Her vil namn og profil frå avsendar verta synleg offentleg. Denne informasjonen vil ikkje verta lagra i våre system.

Rettar
Som kunde eller leverandør har du rett til å krevje innsyn i kva personopplysningar vi handsamar, samt måten desse handsamar på. Du har krav på svar innan ein månad frå kravet vert fremja. Kravet må fremjast skriftleg og signert. Du kan også krevje retting, sletting og avgrensingar i handsaminga av personopplysningar i samsvar med gjeldande regelverk. Om handsaminga av personopplysningar er basert på samtykke, kan du til kvar tid trekke dette samtykket tilbake.

Dersom du meiner at Hofseth ikkje har overhalde dine rettar i samsvar med gjeldande regelverk, har du rett til å klage til den aktuelle tilsynsmyndigheita. Dette gjerast ved å sende klage til Datatilsynet, kontaktinformasjon er tilgjengeleg på www.datatilsynet.no