Utstillingsvinduet Storfjorden

Hofseth arbeider for at Storfjorden skal bli eit utstillingsvindu for berekraftig oppdrett i Noreg. Vi har gjort omfattande tiltak og kan vise til gode resultat.
Vi vil berømme Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for å ha lagt til rette for at vi kunne endre plasseringa av våre fem lokalitetar. Dette gjorde det mogleg med ei strategisk plassering som bidrar til å hindre spreiing av lus. Kombinasjonen av datadrevne avgjersler og ei god lusehandteringsstrategi har gjort at Hofseth kan vise til svært gode resultat med ein dødelegheit på berre 6 prosent. Snittet i Noreg i 2023 var 17 prosent. I denne saken fra NRK kan du lese mer om hva Hofseth har gjort og hva vi planlegger for å sikre god fiskevelferd.
Raudbergvika – ei unik moglegheit

Sunnylvsfjorden, der Raudbergvika ligg, er ein del av Storfjorden i Stranda og Fjord kommune. Hofseth har i mange år arbeidd for eit landbasert anlegg i dei nedlagde gruvene her, og plasseringa er eit unikt «kinderegg» som er vanskeleg å finne andre stader. For det første utnyttar vi eit eksisterande industriområde – eit tidlegare sår i naturen – i staden for å ta i bruk uberørt natur. Fjorden er dyp, med konstante og sterke straumar av temperert vatn frå Golfstraumen. I tillegg har vi tilgang til stabil straumforsyning frå regionens største kraftprodusent, som er lokalisert i nærleiken. Denne regionen er også eit globalt sentrum for teknologiutvikling innan havbruk. Sammen skal vi utvikle verdas mest berekraftige anlegg for lakseproduksjon i Raudbergvika.

Fordelar med landbasert oppdrett

Oppdrett på land hindrar lakselus og overføring til villaks. Samstundes kan avfall og fôrrestar gjerast om til verdifulle ressursar, som biogass i lukka anlegg.
Landbasert oppdrett gir god fiskehelse. Forsøk hos Salmon Evolution på Indre Herøy, nord for Storfjorden, viser dette tydeleg. Prosjektet i Raudbergvika vil i endå større grad bruke gjennomstrømming av naturleg fjordvatn. Oppdrett av laks i kontrollert system på land stoppar lus, og reduserer risikoen for sjukdom.
Fisken trivst best når ho kan ete og vekse i fred. Gjennom eit sterkt fokus på fiskehelse vil vi bruke erfaringane frå fjordbasert oppdrett og ta dei med oss inn i det nye landbaserte anlegget i Raudbergvika.

Slik viser Hofseth vegen til berekraftig og sunn lakseoppdrett i Noreg.

Del på sosiale medier: