Raudbergvika til politisk behandling i Kommunal- og distriktsdepartementet

Kommunestyret i Fjord kommune har vedtatt å sende områdeplanen for Raudebergvika til behandling i Kommunal og distriktsdepartementet. Fjord kommune har ikkje fått områdeplanen godkjent regionalt.

Dei siste fire åra har det vore ein omfattande prosess der Hofseth har brukt over 30 millionar kroner og Fjord kommune mykje ressursar for å etterkomme krav frå plan- og bygningslova, Statsforvaltar, Møre og Romsdal fylkeskommune, Direktoratet for mineralforvaltning, Riksantikvaren med fleire. Kommunen har likevel ikkje lykkast i å få trekt dei siste motsegnene, og kommunestyret har no vedtatt at områdeplanen skal difor sendast til politisk behandling. Prosjektet har stor oppslutning politisk lokalt og regionalt,  det er venta at det vil ta mellom 6 og 12 mnd å få svar på den politiske behandlinga i departementet.

Del på sosiale medier: