Verneområdestyret for Geiranger – Herdalen landskapsvernområde vedtok 08.11.2023 å gi dispensasjon etter naturmangfaldlova § 48 til alle tiltaka. Verneområdestyret har i grunngjevinga for dispensasjonen mellom anna skreve følgjande:
«Verneområdestyret for Geiranger – Herdalen landskapsvernområde meiner at den reviderte og justerte planen for det landbaserte oppdrettsanlegg i Raudbergvika no kan realiserast utan at verneverdiane vert nemneverdig negativt påverka, jfr paragraf 48 i Naturmangfaldlova. Verneområdestyret legg i denne vurderinga også til grunn at det gjennom den etterfølgjande detaljreguleringsprossesen skal gjerast ytterlegare avklaringar, og vilkår skal fastsetjast i høve til natur og miljø. Som det går fram av vedtaket i verneområdestyret, er det av styret lagt stor vekt på at Raudbergvika ved innskriving i verdsarven og etablering av verneområdet, vart halden utanfor det området som vart omfatta av vernet. Grunngjevinga for dette var at der var aktiv gruvedrift i området på det tidspunktet – og det vart tatt høgde for at denne aktiviteten skulle kunne utvidast – også med masseuttak under jorda inne i verneområdet.
Områdeplanen for det landbaserte anlegget vil også medføre uttak av masser under jorda i deler av det som er omfatta av landskapsvern og verdsarv, men det vil ikkje endre det visuelle preget av landskapet i verneområdet. Dei geologiske prosessane som har forma landskapet, vil heller ikkje verte påverka av tiltaket.
Den delen av det planlagde tiltaket som ligg «i dagen», er plassert på eit areal som i gjeldande planverk har reguleringsføremålet masseuttak, sjøarealet ved Raudbergvika har reguleringsføremålet vassareal for allmenn bruk. Verneområdestyret meiner det bør vere skilnad på krava som vert stilt innanfor og utanfor verneområdet. Likevel slik at ein ivaretek dei krava som vert sett i Naturmangfaldlova §49, som seier : « Verneforskriften gjelder ikkje for virksomhet som skjer utenfor vernegrensene. Det er derfor viktig at tilgrensende områder forvaltes på en slik måte at ikke verneverdiene innenfor verneområdet blir forringet.»
Med dei tilpassingar som er gjort i dei justerte planane – samt med dei krava som kan nedfellast i seinare reguleringsføresegner og konsesjonsbehandling, legg styret til grunn at tiltaket ikkje skal forringe verneverdiane.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal klaga på vedtaket i brev 01.12.2023. Statsforvaltaren meiner at etablering av eit akvakulturanlegg i fjellhallar innanfor landskapsvernområdet vil stri mot verneformålet og gi vesentlege negative verknader på verneverdiane.
Miljødirektoratet har kome til at verneområdestyret sitt vedtak vert oppheva og at saka må handsamast på nytt i verneområdestyret. Verneområdestyret må gjere ei konkret vurdering av tiltak som er søknadspliktig etter verneforskrifta og ei konkret vurdering og grunngjeving av om det kan og bør gjevast dispensasjon etter naturmangfaldlova § 48.
Miljødirektoratet gjer som fylgje av dette vedtaket ikkje ei nærare vurdering av påverknadene frå dei aktuelle tiltaka (etter naturmangfaldlova §§ 8-12) eller verknaden på verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap av verksemda. For dei tiltaka som vert vurdert som søknadspliktige etter verneforskrifta, må verneområdestyret gjere ei vurdering av naturmangfaldlova §§ 8-12. I tillegg vil eventuell påverknad på verdsarvområdet vere eit moment i vurderinga av om det skal gjevast dispensasjon.
Du kan lese meir om dette under fanen dokumentasjon og politisk prosessdokumentasjon under namnet; Vedtak i klagesak om akvakulturanlegg i Raudbergvika – Geiranger – Herdalen landskapsvernområde.