Frå 2020 har Hofseth investert meir enn 8 millionar kroner i forsking på villaks i nærområdet. Dette er gjort i samarbeid med Lakseelvane på Sunnmøre og forskingsinstituttet NORCE. I denne videoen forklarar forskingssjefen i NORCE, Marius Kambestad, kva denne forskinga skal bidra til, og kvifor ho er viktig både for økosystema og for framtidig forvaltning av villaksen.
Støtte til lokalsamfunnet
Hofseth er ein aktiv samfunnsaktør og deler to gonger i året ut midlar til både små og store prosjekt som bidreg til lokalsamfunnet der selskapet er til stades. På selskapets nettside, Hofseth.no, kan alle interesserte finne søknadsportalen under overskrifta «Community».
Vårt ansvar: Mat til verda, arbeidsplassar og samfunnsverdiar
Hofseth er oppteken av ansvaret sitt som næringsaktør og ser det som ein del av samfunnsansvaret å bidra til berekraftig matproduksjon, skape arbeidsplassar og gi tilbake til lokalsamfunna. Blant prosjekta Hofseth har støtta hausten 2024 finn vi:
- Myklebust Skule FAU og Naturbruk Ålesund vgs – flytebrygge ved Ålesund vgs
- Norddal Idrettslag og Ræin Adventures – badstu i Tafjord
- Sula Rotary – årlig plastrydding
- Skjong Barnehage – gapahuk
- Start Ålesund – Gründerlounge og Start Future
- Stokke og Vik Skole – FIRST Lego League
- Stranda Industrihistorie og Brisk – Fabelaktig Fredag
- Ellingsøy barne- og ungdomsskole – FIRST Lego League
- Ellingsøy Barnehage – refleksvester
- Ellingsøy Idrettslag – Norway Cup
- Lions Club – julegatebelysning i Ålesund 2024
- Foreningen for sjøfart og sjøbruk
- Stranda Basket, Stranda Fotball og Stranda IL Håndball
- Tafjord Ungdomslag, Tindrande Eidsdal, Valldal Spelemannslag – konsert
- Volsdalen Skole – FIRST Lego League
- Ålesund Sentrumforening – stiller med båt og kaptein til Bytorsken
- UKA i Ålesund – stiller med båt og kaptein til fisketurer
- Hofseth er også hovedsponsor for Norges Roforbund.
I tillegg har Hofseth bidrege med matkasser til Fjord kommune og sørgja for at fleire har fått fisk til ulike utlodningar. Med desse bidraga held Hofseth fram med å spele ei viktig rolle i å styrke lokalsamfunna og fremje berekraftig utvikling.