Grøn kyst

Noreg produserer 37 millionar sjømatmåltid kvar einaste dag. Slik får verda viktige protein. Vi står i eit grønt skifte, og i åra som kjem må norsk sjømat produserast med nye metodar og ny teknologi. Prosjektet i Raudbergvika ved Storfjorden er sjømatverksemda Hofseth sitt svar på korleis.

Stortinget i førarsetet
Norske styresmakter jobbar på spreng for å støtte utviklinga av ny teknologi med nye reguleringar. Stortinget er i sluttspurten med å utvikle den nye Miljøfleks-ordninga. Ordninga skal insentivere overgang frå opne til lukka merdar i sjøen. Våren 2025 fremjar også regjeringa havbruksmeldinga for Stortinget. Samstundes er lakselus og fiskedød ei utfordring i mange norske fjordar. Men ikkje ved Hofseth sitt produksjonsanlegg i Storfjorden. Der går utviklinga i riktig retning.

Perfekt plassering
I Storfjorden gir Golfstraumen ei naturleg gjennomstrøyming av ideelle temperaturar, samtidig som høge fjell rett ned i fjorden gir rik tilgang på ferskvatn. Hofseth har i dag 5 oppdrettslokalitetar i opne merdar som brukar det fremste av dagens teknologi. Prosjektet i Raudbergvika er neste generasjon oppdrett, og er unikt fordi det produserer mykje mat i kontrollerte former, samtidig som naturgjevne tilhøve minimerer energiforbruket.

Eit kinderegg
Å både produsere og foredle fisken lokalt gir både eit lågare miljøavtrykk og høg kvalitet. Samstundes sikrar ein naturmangfaldet ved å gjenbruke ei nedlagd olivingruve.

Kvantesprang
Hofseth strekkjer seg mot å bli verdas mest berekraftige sjømatverksemd, men ein må våge kvantesprang. Raudbergvika er eit kvantesprang både for Hofseth, og ikkje minst for næringa. Vi er stolte over å samarbeide med styresmakter både lokalt, regionalt og nasjonalt for å gjere kysten grøn.

Del på sosiale medier: