Global berekraft

Noreg produserer 37 millionar sjømatmåltid kvar einaste dag. Slik får verda viktige protein. Vi står i eit grønt skifte, og i åra som kjem må norsk sjømat produserast med nye metodar og ny teknologi. Prosjektet i Raudbergvika ved Storfjorden er sjømatverksemda Hofseth sitt svar på korleis.

Stortinget i førarsetet
Norske styresmakter jobbar på spreng for å støtte utviklinga av ny teknologi med nye reguleringar. Stortinget er i sluttspurten med å utvikle den nye Miljøfleks-ordninga. Ordninga skal insentivere overgang frå opne til lukka merdar i sjøen. Våren 2025 fremjar også regjeringa havbruksmeldinga for Stortinget. Samstundes er lakselus og fiskedød ei utfordring i mange norske fjordar. Men ikkje ved Hofseth sitt produksjonsanlegg i Storfjorden. Der går utviklinga i riktig retning.

Perfekt plassering
I Storfjorden gir Golfstraumen ei naturleg gjennomstrøyming av ideelle temperaturar, samtidig som høge fjell rett ned i fjorden gir rik tilgang på ferskvatn. Hofseth har i dag 5 oppdrettslokalitetar i opne merdar som brukar det fremste av dagens teknologi. I andre kvartal 2024 hadde Hofseths produksjonsanlegg ein fiskedød på 6 prosent, mot nesten 17 prosent på landsbasis i 2023. Se reportasje fra NRK her. Prosjektet i Raudbergvika er neste generasjon oppdrett, og er unikt fordi det produserer mykje mat i kontrollerte former, samtidig som naturgjevne tilhøve minimerer energiforbruket. Naturmangfaldet sikrast ved å gjenbruke ei nedlagd olivingruve.

Eit kinderegg
Å både produsere og foredle fisken lokalt gir både eit lågare miljøavtrykk og høg kvalitet. Nyleg beslutta Innovasjon Norge å gi finansiering på inntil 34 millionar kroner til utvekling av ny tineteknologi i regi av Hofseth. Prosjektet heter «Ice fresh». Med slik teknologi kan Hofseth tilby fersk fisk over heile verda med minimalt miljøavtrykk. Se artikkel fra Kyst.no her.

Kvantesprang
Hofseth strekkjer seg mot å bli verdas mest berekraftige sjømatverksemd, men ein må våge kvantesprang. Raudbergvika er eit kvantesprang både for Hofseth, og ikkje minst for næringa. Vi er stolte over å samarbeide med styresmakter både lokalt, regionalt og nasjonalt for å gjere kysten grøn.

Del på sosiale medier: