Ein viktig hub for grønt industriløft i Møre og Romsdal

Å få til ein sirkulær biomarin hub i Raudbergvika i Fjord kommune blir særleg viktig for å lykkast med ei grøn omstilling i Møre og Romsdal.

Det kom frå da Møre og Romsdal Fylkeskommune, saman med Innovasjon Norge og rådgivingsselskapet Ernst&Young i juni presenterte  «Grønt Industriløft Møre og Romsdal». Dette er ei næringsanalyse som skal danne eit felles kunnskapsgrunnlag for den grøne omstillinga i næringslivet i fylket. Sjømat er i tillegg til maritim industri  eit område der vi har sterke konkurransefortrinn. Vi må skape sirkulære huber, og kartlegginga viser at Raudbergvika er ein av dei plassane der muligheitene er store og ein må starte først.

 

Raudbergvika er identifisert til å ha eit stort potensial for å bli ein av åtte sirkulære hubar i Møre og Romsdal.

Les meir her

Del på sosiale medier: