Berekraftig verdikjede heilt ut til kunde

Innovasjon Norge har vedteke å gi finansiering på inntil 33,74 millionar kroner til prosjektet «Like fresh at the source - JustThaw800», drive av Nye Icefresh AS. Finansieringa består av eit tilskot på 20,34 millionar kroner og eit risikolån på 13,4 millionar kroner. Målet er å transformere distribusjonen av norsk fisk globalt ved hjelp av innovativ tineteknologi, og få frakt av fisk frå fly til båt.

Selskapet Ice Fresh, som har brukt over 20 år på å utvikle teknologi for å sikre fersk-fisk kvalitet på fryste produkt, blei i 2021 kjøpt av Roger Hofseth, majoritetseigar i sjømatselskapet Hofseth International.
– Vi ønskjer å få kundar over heile verda til å velje fryst fisk tint opp med ICE-fresh teknologi framfor fersk fisk, seier Roger Hofseth. – Denne teknologien kan redusere miljøavtrykket frå fiskefrakt med over 80 prosent ved å få frakt av fisk frå fly over på båt, kutte matsvinn og fraktkostnader samstundes som kundane får betre kvalitet. Eg er sikker på at dette prosjektet vil snu opp-ned på korleis sjømat blir distribuert globalt.

Innovasjon Norge har stor tru på prosjektet og understrekar at ambisjonane er i tråd med deira kjerneoppdrag. – Vi skal bidra til grøn vekst i norsk næringsliv, og auka eksport av norsk sjømat på ein meir berekraftig måte er heilt sentralt for oss, seier Ingrid Severine Rønstad, seniorrådgivar i Innovasjon Norge og ansvarleg for prosjektet.

Skal teste teknologien i industriell skala
Hofseth opplever stor interesse for prosjektet blant viktige kundar ute i verda, og støtta frå Innovasjon Norge gjer det mogleg å teste teknologien i ein industriell skala fyrst i Noreg og deretter i ein pilothub i USA.
– For å lukkast internasjonalt må teknologien vere på plass før butikkjedene i USA vågar å satse. Støtta frå Innovasjon Norge gjer det mogleg å utvikle, pilotere og demonstrere ei storskala tineløysing som er tilpassa industriell vareflyt med ein framtidsretta produksjonsteknologi, ein risiko vi ikkje kunne teke aleine, seier Roger Hofseth.

Ser eit globalt potensiale
Hofseth har vore ein pioner i teknologiutvikling og å skape ein heilskapleg og berekraftig verdikjede innan sjømat gjennom Hofseth Biocare med målretta satsing på at 100 % av fisken blir nytta til humant konsum. Icefresh-teknologien har potensialet til å redusere karbonavtrykket i verdikjeda vesentleg.
– På sikt skal vi ha mange hubbar verda over som kan brukast av alle aktørar og for andre typar fisk enn laks og aure. Dette er ei løysing som kan gi heile sjømatindustrien eit berekraftig løft, seier Hofseth.
– Hofseth adresserer med prosjektet to viktige område i vår strategi mot 2030: Reduserte CO2-utslepp og auka eksport utanom olje og gass. Vi ser fram til å sjå kva denne teknologien kan bidra med i så høve, seier Helge Gjerde, regiondirektør i Innovasjon Norge.

Med støtta frå Innovasjon Norge er Hofseth klare til å ta norsk fiskedistribusjon inn i ei ny og berekraftig æra.

Del på sosiale medier: