Folkemøte i Eidsdal

I starten av juni var det folkemøte i Eidsdal om prosjektet i Raudbergvika. Det var Tindrande Eidsdal, ein populær årleg festival i bygda som stod for arrangementet.

Ordførar i Fjord kommune Terese Jemtegård Moen og leder for prosjektet i Hofseth Svein Flølo orienterte om status og framdrift. Det blei svart på mange gode spørsmål frå folk som møtte opp. Dette var andre året på rad det blei arrangert ei slikt folkemøte. Møteleiar i  Tindrande Eidsdal, Stein Ove Bjørge, seier etter møtet at dette prosjektet har innbyggarane stor interesse av å få riktig og balansert informasjon om. Det kom fram at Hofseth sitt mål er å produsere fisk på ein god og berekraftig måte og aller helst lokalt som prosjektet i Raudbergvika. Om det blir realisert så har det meget stor betyding for Eidsdal og omegn.

 

Prosjektleiar for Raudbergvika Svein Flølo orienterte om status og fremdrift.

 

Del på sosiale medier: